lørdag 12. september 2009

MØTET MED DEN GRØNLANDSKE KULTUREN

Eit særprega land - eit venlegsinna folk

Etter at eg vitja nordaust-Grønland i 1990 har eg aldri vorte ferdig med dette landet.
Difor tok eg ein ny tur, ti år etter, for å sjå og oppleve meir.
Sommaren 2000 gjekk turen til sør-Grønland, til busetnader der dei første nordmennene slo seg ned.
Eg var spent på om denne landsdelen ville gi meg dei same vakre og storslåtte naturopplevingane som dei eg fekk lenger nord. Der var det villskapen, dei enorme naturkreftene og villdyra som fascinerte meg, samt opplevinga av å finne spor etter far min.
No ville vi få møte dei innfødde grønlendarane, samt sjå gamalt og nytt i dette landet som i stor grad er i utvikling.

Tre damer delte opplevingane i lag med meg denne gongen: Eli Bjørdal frå Ørsta, Lidvor Sætre Mork frå Vartdal, Sigrunn Martinussen frå Oslo.
I motsetnad til forrige tur som tok ei veke med båt over havet, tok denne turen berre fire timar frå Køpenhavn til Narsarsuaq med fly.
Eg kjende litt av det same som sist då eg steig ned frå flytrappa, men spenninga var ikkje like stor denne gongen. Dette vart meir som eit nytt kapittel, ein måte å danne eit slags heilskapeleg perspektiv av landet.

Dei mektige isfjella
   
Noko av det som imponerer ein turist på Grønland er isfjella. Dei flyt i fjordane som mektige katedralar. I solskinet glitrar dei i drivkvitt og blått, og i skodde og regn skimtar du dei når dei dukkar opp like ved skutesida. Vi opplevde begge deler, og vi såg dei frå den klare lufta på helikopterturen vår.
Båtturane kunne virke lange i utgangspunktet, men her var det stad og rom for kontakt med nærmiljøet. Der er ikkje bilveg mellom bygdene, men båt avgang ein gong om dagen.
Folk på Grønland har tid nok. Når dei reiser med rutebåten til nabokommunen for å vitje, ja, så blir dei der ei veke eller så. Slik er det der.
Men sjølvsagt finst der også den moderne forretningsmann/kvinne. Då er det fly og helikopter som er framkomstmiddelet, og der er eit godt utbygt rutenett.
Men veret bestemmer nok her og. Er det skodde så står flyet eller helikopteret på bakken.

Isfjell og fjell i skjønn forening



Kyrkja i Nanortalik


Nanortalik er den sørlegaste bygda på Grønland. Her fekk vi bu i eit lite grønlandsk hus som ei kvinne ved namn Mathilde hadde budd i. Etter at ho gjekk bort, tok turistforeininga over huset og brukte det som vandrarheim. Det var godt vedlikehalde, og der var gjort få forandringar sidan ho budde der. Huset låg inne på eit museumsområde ved den gamle hamna. Her var vi midt i det grønlandske landskapet, og gjennom dei småruta vindauga hadde vi utsyn mot isfjella, leikande kval og mot dei vakraste solnedgangane ein kan førestille seg.
Det var også her vi tok "jentespranget" og bada i sjøen med isfjell som bakgrunnsmotiv! (Jau, vi har det på bilde det og!)

Vakre blomar i solskin


MØTE MED EIN INUITT

Det var her vi trefte Jakob.
Han var ein ekte inuitt som gav oss eit varmt møte med det grønlandske mennesket. Han fortalde oss at han lever frå dag til dag. Når han vaknar om morgonen ser han opp mot fjella og ventar audmjukt på kva dagen vil bringe. "Man skal ikke takke så meget", sa han då vi ved eit høve takka han for hjelpa, "man skal tenke på hvordan man kan hjelpe hverandre".
Han baud oss med på fisketur noko vi spøkte bort i første omgang då han snakka om å ta med sovepose. Vi såg ikkje heilt for oss at vi skulle dra til ukjent farvatn med ein inuitt vi nettopp hadde møtt.

Neste morgon banka det på, og vår kjære Jakob kom inn. Det var som å gå tilbake i historia då han stod i døra på det vesle grønlandske huset.
Den småvokste mannen med den lange grå fletta nedetter ryggen, passa akkurat inn i døropninga der vi andre måtte bøye oss . "Hvordan blir det så", sa han, "blir dere med? "
Der og då slo det oss at vi hadde møtt vår første kulturkollisjon! Han hadde meint alvor med invitasjonen, det var grønlandsk høflegheit å invitere oss, og vi hadde ikkje forstått det. - Og sjølvsagt har ein sovepose med, ein kan aldri vite om veret tillet ein å kome seg heim same dagen når ein er på Grønland!

Morgonen etter dukka Jakob opp på benken nedanfor huset vårt i lag med ei grønlandsk kvinne. Dei kunne fortelje at dei båe hadde vakse opp her i nærmiljøet, og at dette var staden der dei frå dei var små brukte å sitte og sjå på kvalane som leika i fjorden.
Denne kontakten med urmennesket gledde oss mykje. Vi tok difor med glede imot invitasjonen heim til denne kvinna på "kaffemikk" som dei kallar det der.
Ho fortalde stolt at ho hadde "brusebad" (dusj) i huset sitt, og baud oss å låne den om vi ønska det. Endå eit møte med den grønlandsk gjestfriheita!

Dei to venene våre fortalde at danskane har teke over det som gjev leveveg for grønlendarane. Dei innfødde får ikkje lenger levere fangsten sin, så dei er avhengig av å selje sjølve eller å få seg jobb innan det offentlege danske systemet. Dette er ein del av det uheldige med den moderne påverknaden.

Alkoholproblemet er eit anna problem. I Nanortallik er det sett opp skilt med forbod mot inntak av alkohol innanfor eit område på 100 m. frå butikkane. Det er nok ein grunn til at dei har gått til det steget.

Kontrastar


Vakker utsikt frå fjellet

Grønland er prega av kontrastar. Her møtest sommar og vinter, lys og mørke. Det grøne sør og det golde nord.
Sommaren er kort og intens, vårløysing og midtsommar er unnagjort på nokre få korte månader. Frå drivisen slepper taket langs landet til den igjen stengjer for kommunikasjonen går det berre ca. tre mnd. Sommarsesongen på sydgrønland varer frå ca. juni til september.
I denne perioden veks smørblomane opptil 60 – 70 cm. høge. Dei er kraftig gule og dekkjer store område.


Gule blomemarkar, lilla geiterams, som forresten er Grønland sin nasjonalblomst, knall blå fjord med kvite majestetiske isfjell under ein klar blå himmel.
Det er berre eventyrleg!


Når eg ser tilbake på dei to turane mine til Grønland så ser eg at det er to ulike historier, men med likt scenelandskap. Turen i sommar utvida scenelandskapet for meg og gav rom for eit nytt og større innhald. På den måten vart eg rikare som menneske.
         Takk for at eg fekk dele opplevingane mine med deg!



3 kommentarer:

  1. Takk selv for fantastiske beskrivelser! Grønland er spesielt, har aldri vært der men får fine bilder gjennom bloggen din. hilsen amy ;-)

    SvarSlett
  2. Tuse takk for det. Har kika på din blogg også som eg synest er veldig flott!
    Helsing Turid

    SvarSlett
  3. Hei tante Turid:) Så kjekt du tok en tur innom bloggen min:) Ja her går det i oppussing...men litt tregt akkurat i det siste. Har mange prosjekt på gang, men blogger om dem når jeg har FØR og ETTER bilde;) ellers regner jeg med at FØR bildene blir liggende en stund...;)Har vært innom din blogg også, men tenkte jeg skulle lese alt en dag jeg hadde god tid...og gleder meg veldig til å lese om alle turene deres. Jammen opplever dere mye!
    Klem fra meg

    SvarSlett