mandag 19. oktober 2009

"Engelen" - ein film det er verd å sjå


Vi veit at Margareth Olin er flink til å framstille det gode i mennesket. Vi veit også at ho er flink til å overføre det ho brenn for til filmar som grip oss.
I går såg eg filmen "Engelen". Den handlar om Lea som etter ein uheldig oppvekst vart heroinavhengig. Ho var avhengig av ei mor som ikkje klarte å stille opp for dottera sjølv om det var det ho ønska mest av alt. Då Lea sjølv vart mor til vesle Sonja, skjøna ho etter kvart sine eigne avgrensningar. Ho såg at dottera vart redd når mor var rusa og berre sov. Ho kontakta barnevernet og bad om at nokon andre måtte ta hand om Sonja.
Det var eit vanskeleg valg å ta for Lea, men det ho uttalte var følgjande: "Eg gjer dette for at dotter mi skal få høve til å velge sitt eige liv".

Gjennom jobben min med rusmiddelavhengige møter eg desse menneska som Margareth Olin viser oss i filmen. Ho uttrykker det omlag slik: "Enkelte menneske er så snille at dei vert sjuke av det".
Eg kan lett kjenne att dette. Dei flotte menneska eg møter i min jobb har på ein eller annan måte, på eit eller anna tidspunkt, av ei eller anna årsak valgt feil og blitt avhengig av eit eller fleire rusmiddel. Mange av dei har opplevd vald og svik, og rusmidla har blitt den beste medisinen.

Takk til Margareth Olin for ei fantastisk filmoppleving!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar