torsdag 9. juni 2011

Ørsta og Volda folkedanslag på dansetur i Normandie

Folkedansarar frå Normandie og Noreg med musikarar og vertskap.















   For andre gong har Fotefar Temareiser frå Balestrand i Sogn organisert tur for Ørsta og Volda folkedanslag.
For to år sidan var vi på busstur til Estland og Latvia med deltaking på festival i Riga. Den turen var så bra tilrettelagd og vellukka at vi spurde om dei ville arrangere ein ny tur for oss i år. Dei foreslo Normandie og Paris som mål, med ein kombinasjon av dans og historisk program.


I tillegg til dansarane var der med andre interesserte. Tilsaman var gruppa på 63 personar. Ei stor gruppe, og ein kan spørje seg om det kanskje var i meste laget. Men på grunn av at folk følgde godt opp avtaler, og at turleiarane hadde eit godt planlagt opplegg for turen, gjekk det heile heilt greit.

Danseframsyningane

Dans på den gamle borga i Caen

Arrangørane hadde på førehand lagt til rette for, og annonsert i avisene, tre ulike danseframsyningar for oss. To framsyningar ute, og ei innandørs i lag med ei lokal dansegruppe. Vi var 12 dansepar frå Ørsta og Volda. Ved hjelp av vår dyktige danseleiar Åshild Liaskar og musikar på hardingfele, Liv Fridtun frå Sandane, gjorde gruppa ein framifrå presentasjon av norsk folkedans i Normandie.


Den dyktige musikaren vår Liv Fridtun


Første framsyninga var utanfor domkyrkja i Rouen. Trass i vanskeleg danseunderlag, og sjølv om vi vart overraska av regn, så gjennomførte vi ei framsyning som var dansegruppa verdig. Godt herda vestlendingar tåler ei regnbyge.

I Bayeux var vi i lag med den lokale dansegruppa, som vi også hadde middag i lag med om kvelden. Dei synte oss fleire av sine tradisjonelle dansar. Vi har trudd at vår gruppe var noko spesiell som held i hevd songdansar, men no synte det seg at også denne gruppa presenterte songdansar. Med tresko dansa dei på lette føter. Dei fortalde om draktene sine, at dei denne kvelden brukte såkalla kvardagsdrakter, og at det var grunnen til at dei dansa i tresko.

Dansegruppa frå Rouen

Den siste framsyninga vår hadde vi på den gamle borga i Caen. Framføringa her var i flott ver, og med mange tilskodarar. På grunn av at pressa var varsla på førehand, møtte det fram journalistar ved alle framsyningane. Det vart såleis oppslag i lokalavisene med bilete og omtale av dansegruppa frå Noreg.


Vi takkar for oss med norske flagg

Den franske historia

I tillegg til danseframsyning og samkvem med lokale dansarar, fekk vi oppleve historiske høgdepunkt presentert av historikarane og reiseleiarane Rasmus Sunde og Yoran Sandanger. Sistnemnde er halvt fransk, og hadde brei kunnskap om både gamal og ny historie. Vi fekk fyldig innføring og møte med historia om Gange-Rolv som etter seiande hadde sitt hovudsete i Rouen. Vi vitja og kyrkja som er bygd til minne om ungjenta Jeanne d`Arc som vart dømd for kjetteri og brend levande på marknadsplassen der.




I Bayeux fekk vi høve til å sjå det vidgjetne Bayeux- teppet på 70 m som gjennom broderte bilete fortel historia om Vilhelm Erobraren si hærtaking av England for 1100 år sidan.










Denne statua av Jeanne d `Arc utanfor kyrkja var pynta med blomar i høve minnehøgtid.



Ei minnestatue etter falne soldatar


Vi vitja landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Krigskyrkjegarden som amerikanarane eig og held ved like gjev eit sterkt bilete av alle liva som gjekk tapt i denne grufulle krigen.


Ein velstelt gravlund



Det var ein kuriositet å få vitje hagen til den kjende målaren Claude Monet og huset med utstilling av dei kjende kunstverka hans




Siste dagen før vi sette kursen mot Paris, vitja vi den kjende klosterøya Mont St. Michel.
Det ville
        nok ha vore ei meir høgtidssam oppleving her om det ikkje var så mykje turistar den dagen. Det var
        mest ikkje framkomeleg inne på området.


Det var mange turistbussar denne dagen

Dei to siste dagane av turen var vi i eksotiske Paris. Med sine kjende attraksjonar og i flott sommarver, vart dette ei verdig avslutning på turen.


Ørsta og Volda folkedanslag har dansa i lag i 25 år. Vi har vore på mage turar og festivalar i mange land for å danse. Vi dreg alle på åra etter kvart, men dansen og samhaldet er med på å halde oss i form. Vi takkar kvarandre for ei flott oppleving i Normandie og Paris, og ser fram til fleire turar i lag.



Ei minnestøtte av Jeanne d `Arc inne i kyrkja



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar