fredag 4. september 2009

Tur til Estland og Latvia 2009

ØRSTA OG VOLDA FOLKEDANSLAG PÅ FESTIVAL I BALTIKUM

Ørsta og Volda Folkedanslag gjorde avtale med Sogn Reiseformidling i Balestrand om å lage ein tematur knytt opp mot folklorefestivalen i Riga. Det vart ein busstur på 12 dagar.
Sogningane stilte med både ein kunnskapsrik guide, Rasmus Sunde, ein dyktig spelemann, Odd Hagen, og ein framifrå bussjåfør, Vidar Grepstad.
I tillegg til vår gruppe var der med dansarar frå Sogn og Fjordane på turen.

Stopp i Sverige
Vi hadde første overnattinga på Gustav Frøding Hotell i Karlstad. Sidan vi ikkje hadde dansa til den medbrakte spelemannen sin musikk før, så nytta vi høvet til å øve inn eit danseprogram for framsyning. Danseleiaren vår, Åshild Liaskar tok hand om opplegget i lag med den dyktige trekkspelaren. I planen vart det lagt inn 3 utandørs danseframsyningar.

Før vi forlet Karlstad hadde vi eit stopp ved fredsmonumentet på Stora Torget. Statuen der er reist til minne om den fredelege unionsoppløysinga mellom Norge og Sverige i 1905. På fundamentet kan vi lese følgjande tankevekkjande ord: ”Fejd føder folkhat. Fred fræmjar folkforståelse”.



Neste stopp på turen var Stockholm. Her vart det god tid til å rusle i gamlebyen og kjøpe seg ein lunsj for den som ville før vi gjekk om bord i den luksuriøse ferja ”Victoria” med Tallinn som mål.

Songfestival
Tallinn er hovudstaden i Estland med om lag 400 000 innbyggjarar. Ein norsktalande guide, Eva Turk synte oss byen og fortalde levande om landet si historie.
Kvart 5. år har Estland ein songkonsert på den store songfestivalplassen Lauluvaljak i Tallinn. Dette er ein Baltisk tradisjon som starta i Estland i 1865. Om lag 30 000 songarar står saman på ei kjempestor scene og syng for opp til 100 000 tilhøyrarar. Det var ved slike arrangement at historia om den syngande revolusjon i 1988 – 1990 starta og medverka til at Estland reiv seg laus frå Sovjetunionen. Guiden vår som sjølv hadde opplevd alt dette fortalde levande og gripande til oss.
Denne konserten fekk vi ta del i, og det vart ei ugløymeleg oppleving for oss.



Danseframsyning
Etter Tallinn gjekk turen til Tartu. Dette er universitetsbyen og den kulturelle hovudstaden i Estland med omlag 100 000 innbyggjarar. Her hadde vi vår første danseframsyning ute på rådhusplassen. Det vart noko underleg å oppleve at folk kom og la ned pengar framom spelemannen medan han spelte til dansen. Det var tydeleg at folk sette pris på det vi formidla av vår kultur.


Den neste danseframsyninga vår som skulle vere i den vakre historiske byen Cesis i Latvia, regna bokstaveleg talt bort. Det var uråd å danse ute som planlagt fordi ”alle himmelens sluser opna seg”.
Den siste planlagde framsyninga var på det spesielle restaurantkomplekset Lido i Riga. Her var det fint å danse, og mykje folk var der og såg på.

Folklorefestivalen
I Riga hadde vi 3 dagar til rådvelde, og fekk tid til å bli kjende i byen. Vi fekk oppleve ein fantastisk folklorefestival. Eit opptog som varte så lenge at føtene trøytna medan vi stod og såg. Det må ha vore ti-tusenvis av deltakarar som gjekk i tog. Flotte og fargerike folkedrakter, handsydde eller vevne faner med dei vakraste motiv, blomekransar på hovudet til kvinnene og blomebukettar i hendene. Det var tydeleg at her låg det mykje arbeid bak førebuingane, og det var ingen tvil om at denne tradisjonen er ei viktig markering for det latviske folket. Vi merka oss at kvinnene dominerte i stor grad i opptoget og i framsayningane dei hadde. Kvinnene merka seg også ut når det gjaldt husflidsprodukt av ulike slag som var til sals på dei talrike salsbodene på festivalområdet.

                                                                 Kvinner i lokale drakter 

Måltida på turen
Reiseleiaren hadde valgt ut spesielle stader for måltid under turen. Der var mange utsøkte og varierte rettar serverte med tradisjonar frå landa vi vitja. Dette vart mest som ei eiga reise innan matkultur.



Bussturen
Ein kan tenkje at det vart ein noko lang busstur frå Ørsta til Baltikum tur/retur, og det var det sjølvsagt. Men reiseleiaren Rasmus Sunde orienterte om historien til dei ulike stadane vi reiste gjennom på ein svært interessant måte. I tillegg hadde vi musikaren vår som tok fram trekkspelet og underheldt med dei flottaste ballader. Han var ein stemningsskapar av dei sjeldne, så trivselsfaktoren var høg om bord i bussen.

Vi takkar audmjukt Sogn Reiseformidling for ein flott og innhaldsrik tur. Vi sit att med mange flotte minner og mykje ny kunnskap takka vere eit godt program og god og interessant informasjon.

Turid Karlsbakk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar