lørdag 24. april 2010

”Oskefanga” i Italia vart til draumeferie

Fontena Trevi i Roma

Den 9. april tok flyet av frå Oslo lufthamn Gardermoen med Roma som mål. Tilsaman 53 personar i ulik alder var med i reisefylgjet. Rasmus og Yngve Sunde var reiseleiarar og turarrangørar frå ”Fotefar temareiser”. Turen var planlagt til å vere ei veke med opplevingar i Roma og Toscana.


Colosseum Roma


Dei kjende stadane i Roma vart opplevd fullt ut: Peterskyrkja, Piazza Navona, Colosseum, Fontena Trevi, Panteon osv. Fint og varmt ver, og godt å kome bort frå snøen heime.

Søndag den 11. april forlet vi Roma for å tilbringe dei neste 5 døgera i kloster i San Miniato i Toscana. Klosteret var grunnlagt i 1211 av Franz av Assissi, så vi levde i historiske omgjevnader medan vi var der.


San Miniato med utsikt over Toscana

Denne byen vart utgangspunkt for opplevingsturar til Lucca, Firenze, Siena og Pisa. Vi vitja vingard og økologisk gardsbruk, vi såg på det skeive tårnet i Pisa, og vi var på kunstutstilling i det kjende kunstgalleriet Uffizi i Firenze. Det eldste kunstmuseet i verda.

Det skeive tårnet i Pisa ved sidan av Domkyrkja.


Gamlebrua i Firenze


”Fotefar temareiser” har gode turar som absolutt er å anbefale for den som vil oppleve noko ekstra. Dei stiller med to reiseleiarar, og i tillegg har dei gode lokale guidar på dei ulike stadane vi vitjar.

Oske frå Island.

Dagen før planlagd avreise frå San Miniato fekk vi bodskapen om at ei vulkansky frå Island var i ferd med å lamme flytrafikken over heile kontinentet. Flyet vårt som etter planen skulle ta oss heim frå Pisa til Noreg var kansellert. No fekk reiseleiarane litt av ein jobb. 53 personar måtte innlosjerast og takast hand om i Italia.

Det vart i første omgang ordna med ei ekstra overnatting i klosteret, og vi vart i utgangspunktet glade for å få ein ekstra dag i den svært trivelege vesle byen San Miniato. Frå dette tidspunktet var alt uvisst, og vi hadde treffpunkt til visse klokkeslett der vi vart oppdaterte og informerte om stoda.

Vi vart glade då vi fekk melding om at vi kunne få fly frå Roma på søndag den 18. april. På forunderleg vis klarte dei å skaffe ein buss som ville køyre oss til Roma på laurdag og vi fekk også alle plass på eit fint hotell i nærleiken av flyplassen.

No trudde vi at alt var i orden. Men nei…det var no det heile byrja!

Ny kansellering.

Flyet på søndag vart også kansellert, og vi fekk beskjed frå Norwegian om at vi helst burde kome oss heim på eiga hand, då det var uvisst kor lenge flyromet ville vere stengt..

Så kva skulle vi då attende i Roma å gjere? Men dette var det einaste haldepunktet vi hadde, bussen og hotellet der. Så dermed var vi på veg. Vi hadde eit stopp på togstasjonen i Firenze der det vart prøvd på å få togbillettar til Tyskland som ei løysing, men det var det berre å gløyme. Vi var mange personar, og hundrevis av menneske stod i billettkø.

Buss til Kiel.

Heilt tilfeldig fekk ei av deltakarane på turen vite at ein turbuss frå Austerrike var på Cicilia med turistar, og kanskje kunne dei hente oss og køyre oss oppover i Europa? Etter mykje ringing og mykje spenning kom meldinga: Ein buss hentar oss på hotellet i Roma natt til søndag for å køyre oss til Kiel. Ein lang busstur, og det må vel seiast at vi var mange som tenkte med gru på korleis det ville bli å sitte i buss så lenge.



Vi vart innlosjert på hotellet ved flyplassen i Roma. No var dette den einaste ”heimen” vi hadde så langt. Middag og gode sengar kom vel med i påvente av at bussen skulle hente oss midt på natta.

Det var ei underleg kjensle å stå der om natta og vente. Eg må ærleg seie at det sneik seg inn ein tanke om at der ikkje kom til å kome nokon buss. Men det gjorde det.

Luxusbuss.

Etter kvart som augene vende seg til halvmørkret i den to etasjes bussen, oppdaga vi at dette ikkje var nokon vanleg buss. Her fann vi fantastiske sovesete. Mest som godstolane heime, og med god plass til beina. Men ikkje nok med det. I første etasje på bussen var der restaurant med alle rettar og eiga serveringsdame. Her kunne vi bestille det vi ville av mat og drikke på heile turen, og fekk det servert på elegante brett på bordet i restauranten. Det heile var som ein draum. Bussen stilte med 3 sjåførar i tillegg til serveringsdama, og dei køyrde kontinuerleg til Kiel med berre korte stopp på vegen.

Under vegs var reisearrangørane aktive med å skaffe hotell i Kiel og billettar på ferga til Oslo.

Den fantastiske bussen som tok oss med frå Roma til Kiel.


Nye oppturar.

Vi trudde at toppen var nådd då vi sat i den fantastiske bussen, men når vi booka inn på tre stjerners hotell Steigenberger i Kiel, og vidare fekk lugarar med havutsikt til alle på Colorline frå Kiel til Oslo, då var kvar og ein i reisefylgjet samde om at denne oska frå Island vart med på å gi oss ein ekstra ferie. Vi veit at mange har hatt vanskar med å kome seg heim frå utlandet i denne situasjonen, men vi var meir enn heldige.




Takk til arrangørane.

Turen som i utgangspunktet var planlagt til 7 dagar vart tilsaman 11 dagar. Men det gjorde ingen ting! Vi hadde det bra, og arrangørane gjorde ein god jobb.

Takk til far og son Rasmus og Yngve Sunde i ”Fotefar temareiser” for glimrande utført arbeid med å få alle trygt og behageleg attende til Noreg.



Turid Karlsbakk og Lars Hoggen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar