Naxos og Santorini juni 2013
Å vitje dei greske øyane var eit velvalgt innslag i denne første delen av sommaren vår i år.
Vi, det vil seie 2 vaksne damer, reiste frå 10 grader og regn til 30 grader og solskin. I ei veke fekk vi nyte denne varmen. Vi fekk mjuke opp gamle stive kroppar, og "blåfargen" forsvann frå huda. Det er utruleg kor mykje finare alle kleda blir når vi tek dei på etter å ha fått litt sol på kroppen.
Naxos
Det var ikkje berre sola som var til å nyte, nei vi levde i luxus i eit stort og flott gresk hus. Det var lett å vere til når vi kunne stå opp kvar morgon og hoppe anten i bassenget eller i havet. Dei franske dørene vart opna mot morgonsola som var klar til å ta imot oss på terrassen utanfor soveromet.
Turar i fjellet eller langs stranda, ein liten tur på den lokale butikken, ein busstur til byen for å vandre mellom historiske bygningar. Smale gater som var nedslitne etter at folk har vandra der gjennom fleire tusen år før oss.
Å gå berrføtte langs stranda og kjenne sanden mellom tærne, ta imot krusande bølgjer som feia over og vaska sanden bort, omatt og omatt.
Santorini
Byen på toppen av fjellet. Vi tok Blue Ferry frå Naxos klokka 13.05 Det vil seie 13.30 "gresk tid". Det skjer vel sjeldan at ferga er presis. På vegen frå Santorini til Naxos den dagen vi kom var den ein time forsinka.
Då vert det lenge å stå i kø, og vi var glade for å kome under taket på ventehallen og inn i skuggen.
I Santorini var vi budde på å finne overnatting hjå ein av dei mange som står på kaia og byd på senger når båten legg til kai. Vi hadde fått eit råd, og hadde med eit kort med namnet til ein pensjonateigar nær sentrum av byen. Vi fann den rette, og han tok oss med i bilen sin til ein triveleg liten overnattingsstad i gangavstand frå hjartet av byen.
Hovudgata var eit einaste virvar av gåande, bilar, bussar og ikkje minst motorsyklar og firehjulingar. Det var vanskeleg å føle seg trygg på det mindre enn ein halvmeter breie fortauet nokre stader. Men ein ven seg til alt, så før kvelden var omme gjekk vi som om vi ikkje skulle ha gjort anna. Men då hadde vi i mellomtida gått i dei bratte, smale gamle gatene, med og utan trapper. Små butikkar og restaurantar lokka oss inn. Vi kjøpte litt, men hovudattraksjonen var middagen på ein av dei "hengande" restaurantane som er bygde opp- eller nedetter fjellsida, alt etter korleis ein ser det. Vi sat på "øvste hylle" og fekk nyte ein raud og vakker solnedgang medan vi åt .....med vin og gresk salat til.
Transporttilhøva i Hellas handlar om tålmod. Det var underleg kor rolege alle stod eller sat og venta på den forsinka ferga. Den går ein gong om dagen, og det virka som dei som venta hadde sett av dagen til dette. Ingen irriterande stemmer å høyre. Ombordkomne var der full service med ulike tilbod om mat og drikke frå kafeane. Det var lett å stå i kø der for å få seg ein velfortent kaffi eller anna drikke før vi inntok ein plass på øvste dekket. Her kunne vi sjå dei ulike øyane i Middelhavet fare forbi. Der fann vi ro i sjela. Kanskje dette som vi opplevde her er ein av grunnane til at folk er så rolege i desse omgjevnadene?
Vel framkomne vart dørene opna slik at folk kunne gå ned frå 6. og 7. dekket til botnen der bilane stod parkert og koffertane stod lagra under overfarten. Fleire hundre personar stod i kø, også der, og venta på at ferga skulle legge til kai. Når vi høyrde den kjende melodien som vart brukt når dei opna lemmen, kunne vi puste letta over at det snart var klart for å gå ut og i land.
Flyplssen i Santorini var heller ikkje av dei nyaste og mest effektive. Først kø for innsjekking, så kø for å levere kofferten for gjennomlysing, så kø for sikringskontroll for oss med handbagasje, Til slutt var det atter kø for å gå til bussen som køyrde til flyet. Så å stå i kø fekk vi mykje trening og erfaring i medan vi var i Hellas.
Etter at vi hadde gått gjennom sikringskontrollen på Santorini oppdaga vi at vassflaskene som vi hadde gløymt at vi hadde i sekkane våre, ikkje hadde blitt oppdaga. Kor trygt og sikker er denne kontrollen då skal tru? Kva er vitsen?
Men kø eller ikkje kø, det var vel verd det. Eg samanliknar alt dette med smertene ved ein fødsel. Når det er over er alt det vonde gløymt, og ein går gjennom ubehaget ein gong til for å få alt det positive som følgjer med.
søndag 13. oktober 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar