tirsdag 15. oktober 2013

Musikkreise til USA

Musikkreise til USA

Denne reisa hadde eg gledd meg til lenge, og eg vil seie at Fotefar temareiser ikkje skuffa denne gongen heller. Det einaste eg har å kommentere på minussida er at gruppa vi reiste med var altfor stor. Vi fekk ikkje den "vi-kjensla" som gjer slike turar ekstra trivelege. Vi var fordelt på to bussar, og det var unekteleg ein for mykje. Når meir enn 100 personar skal forholde seg til kvarandre til frukost, kø for arrangement og til å få med alt som vert sagt ved informasjon og ved sight-seeingar ute, då vert det noko amputert for ein del av flokken.
Men når det er sagt så vart alle opplevingar frå takt og lyd tekne imot med ope sinn og konsumert gjennom heile kroppen. 

Nashville

Her fekk vi oppleve den store forestillinga Grand Ole Opry. Musikarar vert presenterte og framfører "hivandes" musikalske presentasjonar, og ein programleiar gjev informasjon under programmet på direkte linje ut til radio. Programleiaren hadde fått kjennskap til at der var så mange norske blant publikum, og to personar vart henta fram for å bli intervjua. Vi norske som sat i salen let høyre frå oss!
Hotellet vårt låg sentralt i byen, og det var difor lett å ta seg fram på eiga hand. I hovudgata Broadway fekk vi høve til å gå frå pub til pub og lytte til ulike grupper som spela. Frå kl.11.00 på føremiddag er dei i gang og då er det berre å "plukke" seg musikk frå dei såkalla honky-tonk-klubbane som er kjende for den beste live contrymusikken i verda. Det var ikkje vanskeleg å finne noko ein ville lytte til.


I Nashville vitja vi The Country Music Hall of Fame. Dette storslagne museet presenterer historia til contrymusikken. Her kan ein lytte og sjå på filminnslag. Ein kan velje kva ein vil høyre eller sjå ved å trykke på skjermar. Det kan kanskje sjåast som ei moderne utgåve av dei gamle jukeboksane frå 1950/60-talet. Her vert dei fleste kjende artistane opp gjennom tidene presenterte i lyd og bilete. I tillegg var der utstilling av instrument og klede som artistane har brukt.
                                          Hovudhuset.                                                                

                                           Slavehuset

Memphis

Neste stopp på turen var Memphis Tennessee. Også her vart vi innlosjerte på hotell midt i sentrum av byen. Musikkgata her var Beale Street. No var det bluesmusikken som vart sentral. På same måten som i Nashville, kunne vi gå frå bar til bar i denne gata og høyre flott musikk. Vi kjøpte oss mat og vin etter behov, og kunne berre hauste inntrykka rundt oss.




Det var her vi fekk vitje Sun Studio der kjende artistar som Elvis, Jerry Lee Louis og Jonny Cash spelte inn platene sine. Etterpå gjekk vegen til Graceland, Elvis sin heim gjennom mange år. Her er han og gravlagd nedanfor huset sitt i lag med sine næraste.






                                                       Graceland

















Dette er eit omfattande område, lagt til rette for turistar. Alt var i system som vi måtte følgje til punkt og prikke for å kome gjennom det heile. Vi såg innom roma i det store huset hans, og utstillinga av kleda og alle gullplatene. Det var frå golv til tak i store mengder. 
Flya hans og bilane stod der utstilte, og vi kunne gå inn i flyet som har fått namn etter dotter hans Lisa Mari. 
Denne kvelden fekk heile gruppa vår vere på konsert med Eric Hughes, leiaren i bluesforeninga i Memphis, inkludert buffetmiddag.


Martin Luther King museum






Neste dag var Martin Luther King-museet eit av måla. Staden der han stod då han vart skoten var markert med ein stor kvit krans. Romet på andre sida av gata der drapsmannen sikta frå og skaut var no ein del av museet, og var glasa inne. Det var ikkje høve til å gå inn, men det var lett å sjå frå vindauget ved sidan av korleis han må ha sikta.
Dette museet appelerte til sterke kjensler hos meg. Historia om korleis dei svarte har hatt det gjennom tida kom tett på. Kontrastane i dei to historiene: Graceland med all si glitrande prakt og rikdom, og dette tragiske utfallet for ein mann som freista å fremje rettane for ei folkegruppe. Kontrasten vart for meg så tydeleg at eg opplevde Graceland mest som ein parodi. Dyrking og idyllisering av rikdom og stas vert eit hån mot viktige menneskelege verdiar som vi møtte her ved dette museet.

Her skjedde drapet på Martin Luther King

















     






Eg står på staden der Martin Luther King vart skoten, og i bakgrunnen ser vi vindauget der drapsmannen skaut frå.


Den siste kvelden i Memphis hadde reiseleiarane leigt eit eige lokale med eige band: Blues City Cafe i Beale Street. Musikarane var imponerte over alle nordmennene som var der, dei lurte på om der var fleire menneske att i Noreg??
Dei heldt ein forrykande konsert med berre kjende melodiar, og vi kunne kome med ynskje som dei framførte. 

New Orleans

Turen går vidare langs Missisippi river med New Orleans som mål. Vi køyrer gjennom det store Missisippi-deltaet der bluesen oppstod. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chikago.



Ein stor park er laga til minne om Louis Armstrong. Her fekk vi oppvisning av afrikansk musikk og dans, og dei inviterte den som ville til å bli med. Mange melde seg, og fekk ei morosam stund der i parken.

Også i New Orleans vart vi innlosjerte på hotell midt i sentrum. Desse sentrale plasseringane gjorde oss i stand til å gå i byen på eiga hand utan å måtte bruke taxi. Bourbon Street er ei av dei populære musikkgatene i denne byen. 
Vi fekk vere med på ein intimkonsert i jazzklubben Preservation Hall i Peter Street. Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Det var ei ugløymeleg stund medan konserten varte, og vi vart så gripne av musikken at dei harde trebenkane vart som ein viktig del av musikkopplevinga.

Vi vitja den noske sjømannskyrkja der vi fekk servert ein god lunsj og kaffi. Musikaren Olav Stedje som var med oss på heile denne musikkreisa heldt ein rørande fin konsert i sjømannskyrkja der i New Orleans. Det var flott å få med dette på toppen av all anna musikk.

Den norske sjømannskyrkja








  Båtturen på Missisippi vart ein flott tur i nydeleg ver. 














Utover på denne siste kvelden oppsøkte vi nye stader og gater. Musikk over alt, ute og inne. Vi kunne nyte det heile i fulle drag i den mørke kvelden innpakka i varm kveldsluft og opplyst av tallause lyspærer over alt.

Fordi vi ikkje skulle reise frå New Orleans før kl. 16.00 på avreisedagen, fekk vi tid til å rusle i byen og gå litt i butikkar slik damer likar. Det vart lite handel, men  kjekt likevel.

Takk til Fotefar Temareiser for ein ugløymeleg tur. 
Eg tek den gjerne ein gong til, men ikkje før eg har fått tid til å fordøye alle dei negative opplevingane med venting og sikringssjekk på flyplassane. Eg reknar med at etter ei tid gløymer ein alt som gjekk tregt, og berre det positive sit att.


Til slutt litt ymse frå gatemiljøet frå dei ulike byane vi vitja.




På dette huset ser vi kor høgt flaumvatnet gjekk under orkanen Katrina i 2008.


















Cowboyfaktoren var stor både i gatene, i forretningane og i folket sin klednad. 

                










                                                                  Gatemusikantar






     Gode venninner på turen: Esther, Eli og Solveig.




     Musikk og song ved Olav Stedje og Bob Saporiti.

Takk til: www.fotefartemareiser.no






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar