mandag 9. juni 2014

Naxos og San Torini






Til Naxos og Santorini

Dei greske øyane er i seg sjølv eit paradis som ein aldri vert lei av.
Eg var heldig og vart invitert med Eli for å oppleve desse vakre øyane. 

Vi flaug frå Gardermoen og landa på flyplassen i Santorini. Vidare var det båt til Naxos. Vel framme på flyplassen var det å finne taxi til sjøen, der vi skulle vente på ferga. Det lønte seg å spleise med einkvan, og tydeleg var det andre og som hadde den erfaringa. Nokre damer spurde oss om vi skulle ned til sjøen, og då var det berre å samkøyre. Det var langt ned til havet på Santorini. Bratt og med mange knappe svingar. Eg tykte sjåføren køyrede fort, men trøysta meg med at han nok hadde køyrt her før. Det hadde han, og vi kom trygt ned. Eg var så oppteken av å sjå meg rundt på denne nye staden eg aldri hadde vore på før, hadde faktisk ikkje vore på nokon av dei greske øyane, at eg gjekk frå kofferten min som framleis låg i bilen. Ei av medpassasjerane ropte til meg og spurde om eg ville ha med kofferten! Takk og pris for kjekke reisande. 
Eli var kjend her etter å ha reist her mange gonger, så ho var ein trygg reiseleiar for meg. No var det å vente på ferga, og i følge Eli var det ikkje alltid lett å vite kva tid den kom. Erfaringa var at den ville kome om ikkje så brått. 
Vi kjøpte oss øl og mat på ein av dei små restaurantane som låg langs kaiene, alle med stolar som fronta sjøen. Tydeleg at desse vart brukt til dette, å vente på ferga. 
Der kom etter kvart mykje folk, og timane gjekk. Etter nokre timar byrja folket å samle seg ved ei av kailene, heldigvis var der overbygt for sola. Vi stilte oss i køen og kika ut mot havet. Det var inga ferge å spore, og tida gjekk. Men omsider dukka der opp ei mektig stor ferge. Den tømde ut folk og bilar frå baugen som vart opna i all si breidde og høgd medan der vart spelt ein kjenningsmelodi som varsla at no opna bommen seg. Etter at ferga var tømd for bilar og folk, var det vi ombordstigande sin tur. Koffertane vart plasserte på hyller heilt nede i botnen, og så gjekk vi trapp etter trapp opp til øvre dekket der vi fann oss eit sete med utsikt. 
Denne store ferga hadde alt vi hadde bruk for av mat og drikke og vi kjende verkeleg på at no var ferien i gang. 


Det greske flagget vaier friskt medan vi passerer fleire øyar på vår fered til Naxos.

Framkomne til Naxos vart det ropt ut i høgtalaren at det var der vi var komne. Det var bra. Ned alle trappene, og så var det å finne koffertane. Mange hadde kome etter oss, så vi måtte grave litt bak fleire lag med bagasje før vi fann våre eigne. No vart baugen på nedre dekk fylt med ventande folk. Alle stod med andletet mot det som skulle bli opningen ut og på land. Det var uvant og underleg å stå der i denne køen. For meg var det såpass framandt at eg kjende meg litt nervøs. Tenk om vi forliste no, ville vi kome oss ut? Ville baugen opne seg eller ville vi følgje ferga ned? Vel, det gjekk ikkje slik, om ei stund kom kjenningsmelodien som varsla at no var vi framme, og no ville baugen gape opp og sleppe oss fri.

På kaia i Naxos stod der rekkjer med plakatfolk som tilbaud overnatting. Vi skulle ikkje ha det no, så for oss to damene var det å finne fram til ein matvarebutikk for å handle inn til vårt vesle hushald, og så finne taxi som kunne køyre oss til det endelege feriemålet på øya.


Utsikt frå den flotte bustaden vi budde i.


Her fann vi fort roa. Den flotte terrassen med eige svømmebasseng, sandstranda like nedanfor, stor god plass i huset, og kvar sitt bad. Her skulle vi kose oss i ei heil veke.


Dagstur til Naxos by

Eit av måla medan vi var der var å ta bussen inn til byen. Då måtte vi gå eit stykke for å kome til bussplassen. Det var upraktisk å følgje vegen, så vi tok av oss sandalane og vandra berrføtte langs sandstranda. Det var godt å vasse i sjøen og kjenne bølgene kitle på leggane medan vi gjekk der i varmen. 
Vi fann busstoppet, men visste ikkje at vi skulle ha kjøpt billett på førehand. Helsigvis var vi ikkje dei første- eller einaste turistane, så sjåføren gjorde eit stopp ved ein kiosk, og Eli stakk ut og kjøpte billettar til oss.

Flott blomeprakt i Naxos by

Her rusla vi i dei smale gatene og trappene, og opplevde atmosfæren frå gamal tid. Vi kjøpte oss lunsj på ein triveleg Taverna ved sjøen. Alt var som det burde vere i dei greske omgjevnadene.


Dei koselege smale gatene i Naxos by.

Solnedgang sett frå huset "vårt"

Det var ikkje berre dagane med sol, bad og byvandring som sette seg i minnet. Dei flotte solnedgangane var til å få gåsehud av på dei varme kveldane. Det var balsam for sjel og sinn å kunne vere til stades i denne lune og fotte greske atmosfæren.

Santorini

Ei veke på øya Naxos gjekk altfor fort. Men vi gledde oss til planlagt stopp med ei overnatting på Santorini. For å kome trygt ombord i ferga dit, bestilte vi på førehand drosje, som henta oss om morgonen og leverte oss i god til på kaia der vi ny skulle ombord i ei stor ferge. Same sort som sist, og med same kjenningsmelodien når den gapte opp baugen for å sleppe folk og bilar ut og inn.

Santorini


På kaia stod der rekker med folk som synte fram plakatane med overnattingstilbod. Vi hadde fått tips om ein god bustad nær sentrum, og ganske kjapt såg vi ein som hadde det rette namnet. 
Fornøgde vart vi plassert i ein minibuss, og i lag med fleire vart vi køyrde til overnattingsstaden nær toppen av øya. Som kjent ligg sentrum heilt på toppen.

Restaurantar og butikkar "heng" meir og mindre utover sidene på den bratte øya.




Vi fann oss ein restaurant som vi likte, og konsumerte avskjedsmiddagen vår "hengande" på kanten av stupet.

Takk for ei flott oppleving på dei to greske øyane.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar