søndag 15. juni 2014

Kreta

Kom og dans på Kreta.

Med danseglede til Porto Platania ved Chania.

Det vart brått bestemt, og eg sa sjølvsagt JA! Å bli med for å lære meir dans på Kreta, det kunne eg ikkje seie nei til sjølv om eg var på veg til Gran Canaria då eg fekk spørsmålet frå Bodil Flem.

Omlag 500 danseglade frå Noreg og Sverige svinga seg i lag ei heil veke. Men litt tid til andre ting vart det og: Gode måltid på lune kveldar, bad og sol i varmt Middelhav, bytur til Chania by.





Ein av dagane melde Bodil og eg oss på tur til Spinalonga, øya der dei spedalske vart sende og måtte tilbringe resten av livet frå 1903 til 1957. Ei historie frå vår eiga tid. Etter å ha lese boka "Øya" vart denne turen dit ei fin oppleving. Vi kom nær på den historia som er fortald i boka, og det var sterkt å gå der mellom husa og kjenne på korleis det må ha vore for dei som var der å måtte forlate familiene sine for aldri å møte dei att. Omlag 1200 menneske levde og døydde der på øya i dette tidsromet.
 Det vart heldigvis oppfunne medisin mot denne grusomme sjukdomen, så mange fekk flytte heim til fastlandet. I 1957 var der berre 12 personar att som var sjuke. Dei vart flytta til sjukehus i Aten for vidare behandling, og øya var dermed avfolka.



Spinalonga sett frå sjøen


Tunnelen gjennom muren. Her måtte dei spedalske gå gjennom ved ankomsten. Få kom ut derifrå.


Det var ei spesiell kjensle for meg å gå gjennom denne tunnelen


Bodil og eg på båten. Vi hadde ein fin tur til og frå øya med innlagt bad- sol og grilling med matservering ombord.


                                   
Frå gatemiljøet på Spinalonga.



Sjukehuset øvst på biletet.


Attende til dansen





Om kvelden gjekk dansen ved bassenget og innover i den store dansehallen.


Bad, sol, mat og drikke
Her var rom for alt.





Takk for ein flott dansetur med innlagt det meste av alt!


1 kommentar: